Bu 3 døgn - betal for 2 Få med deg HEILE helga på Hovden! I januar kan du sjekke inn torsdag, men berre betale for fredag - søndag. Sjå meir info på "restplassar" i boksen over, eller ta kontakt for å bestille.
Konferanse og aktivitet Ta turen til fjells neste gong dykk skal arrangere konferanse! Her kan dykk kombinere arbeid i flotte omgjevnader med uteaktivitet og lagbygging.
Nokre firma vel også å ta med familien. Me kan ordne aktivitetar for store og små, samt by på til dømes fondue i lavvoen utanfor Hovdestøylen.
Ta kontakt for tilbod og forslag til opplegg.
Hovdestøylen ligg vakkert til ved elva Otra, med tur- og skiløype som passerer like utanfor. Det er kort veg til Hovden sentrum. Her kan du velje å bu på hotell og kome til ferdig dekt bord, eller i flotte leilegheiter og stelle deg meir sjølv. Med restaurant vegg i vegg er moglegheitene mange.
Frå historiske Hovden Høyfjellshotell er det panoramautsikt til fjella rundt. Også her passerer tur- og skiløype like utanfor. Her er eigen skibakke, basseng og leikerom. Hotellet har ein triveleg atmosfære, og restauranten har ord på seg for god mat.